Torsdag kunne vi lese om svært godt fiske etter laks i elvane på Sunnmøre. Liknande utvikling har vi også i Nausta i Sunnfjord. Fram til no er det gått 350 laks gjennom laksetrappa i Hovefossen. Gjennomsnittet for perioden fram til første juli dei ti siste åra har lagt på 102 laks, og i den beste sesongen, før årets rekord, gjekk 200 laks opp fossen i same perioden.
Men i fylgje Frøysland er det enno usikkert korleis resultatet for heile sesongen blir.
– Ein optimal vasstand kombinert med optimal temperatur gjer at laksen no vandrar over heile elva, noko som gjeld dei fleste vassdrag i år. Det er positivt, men det indikera også at det har vore eit tidleg innsig av laks frå havet. Vi veit ikkje om dette vil fortsette utover sesongen, seier Frøysland.
Han er bekymra for at fiskepresset i mange elvar utan totalkvote på elva skal bli for høgt og at det får negative følgjer for gytebestanden.
Kvotemodellen med personlege kvotar som blir brukt i dei aller fleste elvane gjer at ein no risikera eit altfor stort uttak av gytelaks. Frøysland viser mellom anna til at «nygådd» laks er mykje meir bitevillig enn laks som har stått på elva ein periode.
Ein god kvotemodell
I 2008 etablerte Nausta elveeigarlag ein eigen modell med sesongkvote i heile elva for laks over tre kilo. I tillegg etablerte dei ein personleg døgnkvote på ein laks under tre kilo. I praksis innebar det ei todeling med ein sesongkvote i heile elva for laks over tre kilo. I perioden frå 2008 til 2013 var det NINA som sette sesongkvoten på laks over 2,5/3 kilo i Nausta . Det resulterte i at uttaket av den store gytelaksen vart sterkt redusert og produksjonen i elva auka.
– Men så skjer følgjande. I tre av åra så bomma vi, og kvotane blei enten for høge, eller for låge. Det medførte at elveeigarlaget etterspurde justeringar i modellen slik at det ikkje blei gjort feil. Kvotesetting ut frå prognose er absolutt ikkje tilfredsstillande. Difor innførte vi «føre var prinsippet» og starta ut med mykje lågare kvote enn vi hadde i utgangspunktet. Det vil sei 30 laks over tre kilo. Så auka vi på ut i sesongen dersom det var grunnlag for det. Dette er det motsette av midtvegs evaluering. Denne måten å gjere det på gjev balanse mellom det som kjem inn av gytelaks, og det som blir tatt ut av elva slik at ein når elva sitt gytemål kvart år, framhevar lakseforvaltaren frå Sunnfjord.
Rogna endar opp i frysaren og ikkje gytegropene
Problema med den forvaltningsmodellen som blir brukt i dei fleste norske lakseelvane er at skaden alt er skjedd når ein gjennomfører midtvegs evaluering. Dersom det då er for lite laks i elva vert det innført krav om avbøtande tiltak, eksempelvis kortare fiskesesong, reduksjon i kvoten eller endring i reiskapsbruken. Men så lenge det blir tatt ut for mykje av den viktige gytelaksen som oftast går opp i elva tidleg i sesongen, er skaden alt skjedd når det er tid for evaluering. Eller som Frøysland seier det:
– Vi risikera at altfor mykje av den store viktige gytelaksen som representerer ein stor prosentvis del av rogna som skal vere igjen i elva på hausten, har enda opp i frysaren.
Dette problemet oppstår fordi det er grunneigarane som bestemme kor mange som til ei kvar tid kan fiske, og så lenge myndigheitene ikkje har kontroll på uttaket, er det ifylgje Frøysland heller ikkje hjelp i å ha personlege kvotar.
– For dei som vil optimalisere fødestova for laksen, er ein slik modell eit veldig godt utgangspunkt, seier han til slutt.