Quantcast
Channel: iLaks
Viewing all articles
Browse latest Browse all 20640

- Luselaser fungerer, men ikkje effektivt nok

$
0
0

Fleire i næringa har håpa at ny laserteknologi skulle vere eit gjennombrot, men Sulefisk i Solund seier det er eit godt stykke fram. Niesar er i tvil om laseren har ført til mindre medisinbruk i år, skriv NRK-Sogn og Fjordane.

– Det er ein del lus som blir skutt med laser og det er ikkje tvil om at det fungerer i prinsippet, men effektiviteten er ikkje god nok. Vi har god tru på at det vil bli forbetra i framtida. Det er ei high-tech løysing og vi er tolmodige, seier han til NRK.

Det er Stingray Solutions som sel utstyret og dagleg leiar John Arne Breivik seier at interessa er veksande.

Han trur den varierande erfaringa i Solund kan skuldast at området var hardt angripe av lus i fjor, for i andre anlegg ser ein det skjer framsteg.

– Vi meiner absolutt at dette vil vere eit viktig bidrag til å løyse lakselusproblemet utan medikament. Det er sjølvsagt moglegheit for teknologiske forbetringar og det skjer kontinuerleg, seier han, til NRK-Sogn og Fjordane.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 20640