Quantcast
Channel: iLaks
Viewing all articles
Browse latest Browse all 20640

Stranda Prolog fekk miljøpris

$
0
0

– Dette er ein pris som betyr mykje for oss, seier dagleg leiar Klaus Hoseth.

Prisen blei delt ut av Møre og Romsdal fylkesting.

F.v.: Klaus E. Hoseth, Stranda Prolog, Runar Vestheim, leiar i Regional- og næringsutvalet, fylkesordførar Jon Aasen og Jacob G. Hoseth i Stranda Prolog. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune.

- Prisvinnaren har utmerka seg i miljøarbeid til toppkarakter. Stranda Prolog vart etablert av familiens Hoset i 1986 på Averøy, i ei tid då miljøtiltak ikkje var det ein først tenkte på. Dei har bygd opp ei kunnskaps- og kompetanseføretak med over 30 tilsette som framleis er i  vekst. Dei har vore oppteken av å designe og levere løysingar til skiftande behov og utfordringar, som til dømes i havbruksnæringa, der eit av dei store problema er lakselus og medikamentell behandling. For å få bukt med desse utfordringane er det viktig at nokon utviklar løysingar for dei, ei slik løysing er HeliXiR, sa leiaren utvalet, Runar Vestheim .

I utvalet si grunngjevinga for prisen heiter det mellom anna at Stranda Prolog har gjennom det store miljøprosjektet HeliXiR freista å finne metodar for betre fiskevelferd, redusert eller betre medikamentbruk, og samtidig klart å betre produktkvalitet og reduserte produksjonskostnader. Dette er eit viktig bidrag til å løyse sentrale utfordringar i havbruksnæringa, som er svært viktig for Møre og Romsdal.

Prosessen skal redusere medikamentbruk med 90-98 prosent, samstundes med at både lus og kjemiske stoffar kan samlast opp for å gje ein stor miljøgevinst. Systemet filtrerer alt avløpsvatn og kan óg lukkast for å hindre all utslipp. Metoden optimaliserer effekten av aktuelle medikament gjennom laupande kontroll av konsentrasjonsnivå og fisken si opphaldstid i badet. Resultatet skal vere ein rein fisk og minimal resistensoppbygging i lusepopulasjonen, samstundes som fiskevelferd blir ivareteke. Miljøutvalet meiner at verksemda klart oppfyller retningslinjene for miljøprisen og er eit godt døme på å oppnå ei berekraftig utvikling innan næringsutvikling.

Prisen består av eit diplom, eit kunstverk utforma av ein kunstnar frå Møre og Romsdal og 15 000 kroner.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 20640