Quantcast
Channel: iLaks
Viewing all articles
Browse latest Browse all 20640

Sikrar betre beredskap mot rømming

$
0
0

Prosjektet har vore under planlegging ein periode, og no er det kome så langt at dei har klar ei liste over fiskebåtar som ønskjer å slutte seg til.

Det heile handla i korte trekk om å få til eit samarbeid med oppdrettsselskap i regionen og med lokale fiskebåtar som kan rykke ut på kort varsel dersom det skjer ei rømming. I tillegg samarbeida dei med Værlandet Fiskereiskap for å utvikle effektive fangstreiskapar.

Alle oppdrettsselskap har i utgangspunktet utstyr for gjenfangst, men i regi av dette prosjektet vil ein også få på plass eit system med deponering av utstyr i strategisk plasserte depot.

- Det igjen står nokre detaljar før igangsetting, men vi er einige om at dette er eit prosjekt vi skal etablere, seier Øyvind Kråkås.

Sogn og Sunnfjord

Oppdrettsselskapa som deltek i prosjektet er lokalisert i området frå Førdefjorden til Sognefjorden, og ved hjelp av eit samarbeid med lokale fiskarlag har dei også klart å rekruttere fiskebåtar frå heile regionen som kan vere i rømmingsberedskap.

- Den endelege avtalen er ikkje signert enno, men vi snakkar om båtar av ulik storleik, med ulike drift, slik at ein unngår at alle på lista er indisponerte i same periode, seier Kråkås.

Lokalt initiativ
Kråkås framhevar at tiltaket blir etablert med utgangspunkt i eit regionalt initiativ. Einskildbedrifter har samarbeida med lokale fiskarar tidlegare, men denne gongen deltek dei lokale fiskarlaga i rekruttering av fiskebåtar.

Totalt er det sju oppdrettsselskap som deltek i prosjektet. I tillegg er Fiskarlaget i Askvoll og Fiskarlaget i Solund engasjert, men kor mange båtar som skal delta vil ikkje Kråkås sei noko om før dei endelege kontraktane er signerte.

- Det eg kan sei er at Fiskarlaga har vist eit stort engasjement for å få dette til, seier informasjonssjefen i Salmon Group.

Nina sine herjingar påverka

Initiativet bak etableringa av eit profesjonelt beredskapssamarbeid kom etter at orkanen “Nina” herja lenger sør på Vestlandet i fjor på denne tid. “Nina” medførte ikkje rømming i Sogn og Fjordane, men områda i Hordaland vart hardt ramma, og erfaring tilseier at det kan komme fleire slike stormar.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 20640