Det heile strata med at Lars lengta heim til Binndalen og måtte finne på noko å gjere. Erfaring frå rognkjeksproduksjon på Lovund gav

Lars Berg-Hansen saman med sin tante og tidligare fiskeriminister, Lisbeth Berg-Hansen. Foto: Kari Johanna Tveit
han ideen, og i dag har NoreseAqua spesialisert seg på skjul for reinsefisk i merd og fôrkassar til den same fisken.
Prosessen har gått raskt, men det har også vore ein del skjær i sjøen. Nokre gongar har han hoppa for fort uti det, men som han sjølv seier – Det er jo erfaringane vi lærer av.
Nye smarte løysingar
I tillegg til dei to hovudprodukta sel han også not-haler for eit anna selskap. Målet for selskapet vidare er å utvikle nye smarte løysingar innan reinsefiskområdet, men han ser heller ikkje vekk frå at han kan finne smarte løysingar på andre områder.
Gründeren i fokus
Lars Berg-Hansen er veldig opptatt av at ungdommen skal starte for seg sjølv og dei som vil ha hjelp og gode idear er hjarteleg velkomen til han. Han er også opptatt av at ungdommen skal komme heim til Binndalen.
-Vi er som laksen, vi må ut å farte litt, vekse og bli stor, og så heim å gyte.
Har du fyr
Som Lars sa sjølv, så lika han å gjere ting litt annleis. På slutten av foredraget tok han fram gitaren, og saman med Tone Ingebrigtsen i SalMar Nord, sang dei ein nydeleg versjon av Ola Bremnes sin song, -Har du fyr.