Quantcast
Channel: iLaks
Viewing all articles
Browse latest Browse all 20640

Ingen kvikk-fiks i kofferten

$
0
0

Nilsen hadde fått i oppdrag å svare på kven som vinne kampen, om det er lakselusa eller laksen, under sitt foredrag på Nyttårskonferansen i Tromsø. Men han hadde ingen kvikk-fiks med seg i kofferten nordover.

Sea Lise Research Center ved Universitetet i Bergen vart etablert i september 2011, men vegen fram til å finne løysinga har vore lang. Dei er enno ikkje i mål. Bergensforskaren trur lusa sin resistensen mot slice oppsto i område rundt Irland/Skottland rundt 2004 eller 2005. Så tok det berre fire år før den resistente lusa hadde spreidd seg over heile Atlanterhavet.

Treng meir hjelpemiddel og meir forsking
Nilsen meina det er viktig å bruke alle tilgjengelege ikkje medikamentelle metodar, og då handla det om alt frå å ta i bruk gode driftsrutinar, brakklegging av smittesoner, leppefisk, lusefôr. Medikament må berre nyttast i når det verkeleg er krise.

Sjølv om forsking på lakselus har vore i fokus i mange år, er det ingen ting samanlikna med forsking på eksempelvis flott og malaria, så Nilsen trur vi må vere tolmodige. Det trengs meir forsking i mange år framover.

Ein liten revolusjon
Men alt er ikkje berre negativt. Då lakselusgenomet vart sekvensert for nokre år sidan, var dette ein liten revolusjon. No jobba dei med å sette saman komponentane, og Frank Nilsen trur dei kan ha ein forskingsartikkel klar for trykking i eit internasjonalt tidskrift om nokre månadar. Det betyr ikkje at vi har ein klar vaksine. Kva tid den kjem, og om den kjem tør ikkje Nilsen svare på.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 20640