Quantcast
Channel: iLaks
Viewing all articles
Browse latest Browse all 20640

Må slåst meir mot lusa

$
0
0

Marin Helse har hovudkontor i Tromsø og regionkontor på Finnsnes og i Lyngen, og medarbeidarane jobbar i hovudsak for oppdrettsselskap i dei to nordlegaste fylka.

Brukar mykje tid på lakselus
Sjølv om hovudaktiviteten til selskapet føregår i dei fylka der ein så langt har hatt minst problem med lakselus, brukar likevel fiskehelsearbeidarane i selskapet om lag 70 prosent av arbeidstida i perioden frå august til nyttår til problemstillinga knytt til lakselus. Det handlar mellom anna om opplæring, evaluering av tiltak, deltaking ved avlusing og undersøkingar av helsetilstanden til fisken. Lusearbeidet er ressurskrevjande for næringa, og ein er heilt avhengig av å ta grep dersom situasjonen ikkje skal eskalere.

-Vi oppheld oss i det same badekaret, og det er heilt avgjerande at oppdrettsaktørane, fiskehelsetenestane og Mattilsynet jobbar samla i større område. Vi er også heilt avhengig av å få større fokus på ikkje-medikamentell behandling i Troms og Finnmark slik at vi ikkje kjem i same situasjonen som lenger sør, framhevar Sæther.

Han viser til at ein også i den nordlegaste regionen har tilfelle med nedsett følsomheit, og redusert effekt av dei medikamentelle midlane som er tilgjengeleg i dagens verktykasse. Medikament mot lus må berre brukast i samanhengar der ein absolutt ikkje har anna og ty til.

Grøne konsesjonar aukar krava
Mange aktørar i dei nordlegaste fylka set i desse dagar ut fisk på dei såkalla «grøne» konsesjonane som dei fekk tildelt i førre runde. Det betyr at kravet til låge lusenivå blir enno strengare, og ikkje minst at behovet for synkroniserte tiltak aukar for alle som har lokalitetar i regionen.

Sist veke skreiv iLaks om forsøk som nokre bedrifter i Sør-Troms gjennomfører for å finne effektive tiltak mot lakselus, og Sæther meina dette er noko alle må gjere. Aktørane må prøve ut kva som verkar på dei ulike lokalitetane.

-Eg seier ikkje at oppdrettarane ikkje tek situasjonen alvorleg, men dei må bli flinkare og sloss mot lusa på ein enno meir effektiv måte. Vi treng tett dialog og utveksling av informasjon fortløpande for å løyse problema. I Sør-Troms har vi telefonmøter med aktørane i regionen ein gong i veka, og det ønskjer eg at vi kan få til i resten av Troms og Finnmark også, særleg i perioden frå august til desember kor lusa utviklar seg raskt, seier Sæther, og legg til at høgare sjøtemperaturar og meir fisk i sjøen betyr at ingen slepp unna, heller ikkje i nord.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 20640