Quantcast
Channel: iLaks
Viewing all articles
Browse latest Browse all 20640

Lusereservoar i tang og groe kan vere forklaringa

$
0
0

Nyleg presenterte havbruksbedrifter i Hardanger ein rapport om lakselus og rømd oppdrettslaks som påverknadsfaktor på ville laksefiskbestandar i Hardangerfjorden. I rapporten som er utarbeida av rådgjevar Jan Arve Gjøvik vert det hevda at lakselus ikkje er årsaka til at bestandane av villaks og sjøaure har vore svekka i Hardangerfjorden. Dette er ein påstand som har skapt debatt i forvaltninga, forskingsmiljøa og i havbruksnæringa.

Påslag til ulike tider
I rapporten vert det vist til at påslag av lakselus på vill sjøaure og på oppdrettslaks ikkje skjer på same tid. Sjøauren har mykje lus på forsommaren, medan oppdrettslaksen får auka påslag seinare på seinsommaren og hausten.

Med utgangspunkt i denne kunnskapen meina Gjøvik det er grunnlag for å stille spørsmål ved påstanden om at det er lus produsert på oppdrettslaks som skaper smittetrykket mot vill laksefisk. Forsøk på å finne nauplier og copepoditter i frie vannmassar ved hjelp av planktonhåv har vist tetteheit på om lag 1 luselarve på 100 m3 sjøvann. Gjøvik meina dette blir for låg smittedose til at det kan forklare påslag av lus i oppdrettsnøter.

Lokale reservoar
Han meina det er grunnlag for å leite etter uidentifiserte smittreservoar. Med utgangspunkt i at sjøauren beveger seg tett opp til land, trur han at leitinga bør starte i strandsona, eksempelvis i tang eller tare. Her finnes det mange fiskearter som kan være aktuelle kandidatar som mellomverter eller permanente verter for lakselus og skottelus. Det er også mogeleg at luselarvar kan feste seg til tang, tare eller andre typar groe i strandsona, og akkumulerast der.

Når det gjeld spreiing av smitte i laksemerdane, meina Gøvik ei forklaring kan vere spyling av nøtene som aukar på ei stund ut på sommaren når det har sett seg meir groe. Han trur slike operasjonar frigjere store mengder pre-ineffektive og ineffektive luselarvar. I så fall vil det infiserer fisk i same anlegg.

Når det har vist seg at luseskjørt til tider har svært god effekt, kan det vere fordi dei skjermar dei andre merdane mot påslag av lakselus under slike arbeidsoperasjonar.

Bør undersøkast
Jan Arve Gøvik ønskjer at forskingsmiljøa skal ta inn over seg at dei så langt ikkje har klart å forklare korleis lusa faktisk spreier seg, og vise vilje til å teste ut nye hypotesar.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 20640