Fiskeridirektoratet påla Lingalaks AS utvida gjenfangst i sjø etter ei rømming frå deira lokalitet Bergadalen ved Varaldsøy i Hardanger i slutten av mai. Oppteljinga viste at det hadde rømt 36 700 oppdrettslaks på rundt fire kilo.
Fiskeridirektoratet har vore på inspeksjon på lokaliteten og på notverkstad, der nota har blitt undersøkt. Nota er påført ein mekanisk skade under avlusing.
10 900 fisk gjenfanga
Det var berre selskapet og fartøy hyrt inn av dei, som kunne drive med garnfiske i gjenfangstfisket. Av omsyn til ville bestandar av laks og sjøaure vart det stilt krav om at garna skulle senkast til tre meter djupne.Registrert gjenfangst er per 10. juni på 10 900 individ. Av desse er 3 300 stk fiska av privatpersonar og levert til mottaksstasjonen, melde Fiskeridirektoratet om i ei pressemelding.
Overvaking av vassdrag
Fiskeridirektoratet har varsla selskapet om at dei vil få pålegg om overvaking og uttak av rømt fisk i elver i området